Politisk fråvær

Her kan du enkelt lage ei stadfesting for politisk fråvær

Hugs å få stadfestinga signert før ho blir levert til skulen

Eg har delteke på eit arrangement Eg skal delta på eit arrangement

Eg har delteke på eit arrangement

Informasjon om deg og skulen

Om arrangementet

Kven frå organisasjonen kan stadfeste dette

OBS! Hugs å få signatur frå attestant

Eg skal delta på eit arrangement

Informasjon om deg og skulen

Om arrangementet

Kven frå organisasjonen kan stadfeste dette

OBS! Hugs å få signatur frå attestant

Kva er politisk fråvær?

Dersom du er elev i vidaregåande skule og er borte frå undervisinga, har det to konsekvensar: For det fyrste tel fråværet mot fråværsgrensa på 10 prosent for sluttvurdering i fag, for det andre føres fråværet på vitnemålet.

Du kan få unntak frå desse reglane dersom du kan dokumentere at fraværet er på grunn av:

  1. helse- og velferdsgrunnar
  2. arbeid som tillitsvalt
  3. politisk arbeid
  4. hjelpearbeid
  5. lovpålagt oppmøte
  6. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, t.d. idrett eller kultur

Det er punkt c som ofte kalles politisk fråvær.

Fråværsgrensa

Dersom du har meir enn 10 prosent fråvær frå undervisingstimane i eit fag, mister du retten til standpunktkarakter og halvtårsvurdering med karakter.

Du kan kreve at politisk fråvær ikkje tel mot fråværsgrensa ved å dokumentere fråværet. Det er ikkje noko grense for kor mykje politisk fråvær du kan ha utan at det tel mot fråværsgrensa, men du kan framleis miste retten til standpunktkarakter eller halvtårsvurdering dersom du ikkje har vurderingsgrunnlag i faget.

Fråvær på vitnemålet

Alt fråvær skal i utgangspunktet førast på vitnemålet som dagar og timar. Du kan kreve at inntil 10 dagar fråvær blir sletta frå vitnemålet kvart år dersom du kan dokumentere at fråværet skuldast ein av grunnane nemnt over.

Om du har fråvær på over 10 dager som skuldast ein eller fleire av grunnane nemnt over, kan det bli krevd at fråværet blir forklart i eit vedlegg til vitnemålet. Då må du også levere dokumentasjon på at fråværet har ei legitim grunn.

Korleis dokumenterar eg politisk fråvær?

For å få kreve at politisk fråvær ikkje skal telle mot fråværsgrensa, og ikkje føres på vitnemålet, må fråværet dokumenterast. Politisk fråvær «kan dokumenterast av ein politisk organisasjon».

Fyll ut skjemaet på denne nettsida, skriv det ut og få det signert av ein kontaktperson i organisasjonen du har arbeidd for, så har du dokumentasjon på fråværet. Det kan du levere til faglæraren din, og då er fråværet dokumentert. Det kan vere lurt å ta vare på ein kopi av skjemaet.

Meir om fråværsreglane

Føring av fråvær på vitnemålet er regulert i forskrift til opplæringslova, §3-47. Avgjerda er utdjupa i brev frå Udir til elevombudet i Oslo 17.10.2012.

Fråværsgrensa er regulert i forskrift til opplæringslova, §3-3. Avgjerda er utdjupa i rundskriv Udir-3-2016.

Dersom du har meir enn 10 prosent, men mindre enn 15 prosent udokumentert fråvær, kan rektor avgjere at du får standpunktkarakter og halvtårsvurdering likevel. Dette unntaket er meint å ivareta elevar som er i ein "vanskeleg livssituasjon".

Om nettstaden politiskfravær.no

Denne nettstaden er drive av LNU. Politiskfravær.no skal vere eit verktøy til hjelp for elevar i vidaregåande utdanning som engasjerar seg i organisasjonsarbeid. LNU tar ikkje noko ansvar for innhald i dokument laga via nettstaden. Vi oppfordrar alle brukarar til å få dokumentet signert av ein representant for gjeldande organisasjon.